JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

NTL vil ha innspel

Framtidas NTL

NTL vil ha innspel

VIL HA SVAR: Prosjektleiar Jane Vogt Evensen i «NTL 2033» håpar så mange medlemmer som muleg vil svare på spørjeundersøkinga som blir sendt ut i august.

VIL HA SVAR: Prosjektleiar Jane Vogt Evensen i «NTL 2033» håpar så mange medlemmer som muleg vil svare på spørjeundersøkinga som blir sendt ut i august.

Eirik Dahl Viggen

I slutten av august får alle medlemmer ei spørjeundersøking om NTL. Prosjektleiar Jane Vogt Evensen i «NTL 2033» håpar alle vil svare, for å forme framtida til forbundet.

anders@lomedia.no

Medlemsundersøkinga er ein del av kunnskapsgrunnlaget prosjektet «NTL 2033», som jobbar med å forme framtida til forbundet. Prosjektleiar Jane Vogt Evensen og forbundsleiar Kjersti Barsok vil då høyre kva medlemmene meiner om forbundet.

Målet med undersøkinga er å få vite meir om kven NTLs medlemmer er, og kva dei er opptekne av. Dei vil sjå etter utfordringar og moglegheiter, ulike synspunkt og erfaringar frå medlemmene, for å vite om forbundet jobbar med dei riktige tinga.

Treng alle

Prosjektleiaren påpeiker at dei ønsker svar frå alle. Både tillitsvalde, ekstra engasjerte medlemmer og dei som kanskje ikkje er så aktive. For å få eit riktig bilde, treng prosjektet respons frå heile breidda.

Om berre dei mest aktive svarar, risikerer ein å få eit uriktig bilde av røynda.

– NTL må ta nokre vegval framover, og denne undersøkinga er ein god moglegheit for medlemmer og tillitsvalde til å forme den fagforeininga ein ønsker for framtida, seier Vogt Evensen.

Ho understrekar at den ikkje skal vere for lang og anslår at ti minutt skal halde. Tillitsvalde får nokre ekstra spørsmål og kjem nok opp i eit kvarter.

Kjem i august

Alle registrerte medlemmer, yrkesaktive som pensjonistar, vil få undersøkinga. Den vil bli lansert i slutten av august, i forkant av NTL-dagane.

Vogt Evensen håpar dette er eit godt høve for tillitsvalde til å gjere undersøkinga kjent blant medlemmene ute på arbeidsplassane, og oppfordre dei til å svare.

Forbundsleiar Kjersti Barsok er veldig nysgjerrig på kva svar dei kjem til å få.

– Eg håpar inderleg at medlemmene nyttar denne sjansen til å påverke framtidas NTL. Svara vil bli ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget i prosjektet, og alle svar er viktige, seier ho.

NTL 2033

Eit organisasjonsprosjekt i NTL som ser på korleis forbundet skal utviklast for å vere fyrstevalet for alle tilsette innan deira organisasjonsområde.

Starta hausten 2023, med tilsetting av prosjektleiar Jane Vogt Evensen.

Prosjektet skal hausten 2025 ha klar ein slutt­rapport, som skal vere eit debattgrunnlag for
organisasjonen.

Prosjektet blir avslutta hausten 2026, og
landsmøtet i november skal gjere den endelege handsaminga.

24.06.2024